Banner

Vik- Dale 3-1 (2-0)

E-post Skriv ut PDF

Kampen vart spelt på kunstgraset i Høyanger. Vik spelte med dette laget: Knut, Rene (Ørjan frå 60min.), Marius, Steinar, Tord, Robert, Tarjei, Idar, Endre (Anders frå 53 min.), Svein Erik (Joakim F frå 68 min.) Øystein

 

Etter mykje stillingskrig i starten tek Vik initiativet og spelar med stor ro i forsvarsfiraren før ein spelar seg høgre i bana. Første skårigen kjem etter 17 min då Rene legg inn til Øystein, som headar hardt i mål frå12- 13 meter. Etter 17 min er Øystein på farten at. Svein Erik stussar vidare eit utspel til Tarjei, som stikk fint gjennom til Øystein. Øystein set ballen trygt til side for keeper og i mål.

I denne perioden fører me kampen og har god kontroll. Dale skapar lite.

Så slepper me Dale litt inn i kampen at. Etter 42 min får Dale tildelt straffe. Vik forsvaret vil ha offside i situasjonen, men det er dommaren som dømmer... Som så ofte før når Knut står på streken ender ikkje straffen i mål. Dale set ballen i stanga til høgre for Vik-keeperen.

Etter dette våknar Vik litt og skaper to farlege sjansar før pause.

Første del av 2.omgang er Vik friske og skapar fleire store sjansar. Etter 56 min kjem det eit oppspel som Svein Erik stussar vidare. Anders, som nett har komme inn, kjem på eit flott løp, tek med seg ballen og vippar over ein utstormande Dale-keeper.

3-1 målet kjem etter 83 min. Eit Dale-frispark frå kring 40 meter blir slått inn i feltet. Ein Dale-spelar får lov til å ta ned ballen og set den i mål frå 10-11 meter.

Før dette har me ein stor dobbelsjanse med Tarjei og Svein Erik. Tarjei er gjennom men kjem litt skeivt på mål. Keeper reddar og Svein Erik skyt returen frå skrått hald i stanga. På overtid rundar Øystein keeper, men ballen blir redda på streken. Joakim er framme og set ballen i mål, men blir blåst av for offside.

Utanom måla har eg 9-4 til Vik i sjansestatistikken. Det Dale skapar sjansar å er nesten utelukkande overgangar etter at Vik mister ballen i ugunstig posisjon.

 

Me har mykje positivt å ta med oss vidare frå kampen og litt rusk som må lukast vekk. Laurdag som kjem er det treningskamp mot Balestrand i Balestrand.  

Troppen til treningskampen mot Dale

E-post Skriv ut PDF

Laurdag 26. februar reiser Vik til Høyanger for å spele treningskamp mot Dale.

 

Oppmøte på kiosken kl. 10.40.

 

Me reiser med denne troppen:

 

Knut Jarle Bjørnestad

Joakim Finden

Idar Holen

Endre Holstad

Anders Helleland

Øystein Myrkaskog

Ørjan Grov Tveit

Rene Anthony Haugen

Marius Valsvik

Steinar Wold

Tord Hove

Tarjei Vevle

Robert Hovland

Svein Erik Saglien

 

For oss er alle kampar viktige, så me gir sjølvsagt full gass og går for seier!! Dette blir kjekt!

 

Treningskamp: Dale - Vik

E-post Skriv ut PDF

Laurdag 25 februar er det duka for nok ein treningskamp for Vikjene. Denne gong skal ein måle krefter mot Dale. Kampen blir spelt i Høyanger. Tidspunkt, avreisetid pluss tropp blir klar fredag. Følg med...

Storspel i Sognahallen

E-post Skriv ut PDF

 Det var ein spent trenar som reiste til Sognahallen for å spele mot Årdal. Var 1.omgangen mot Høyang eit blaff? Har me klart å finne ut av kva me gjorde feil då me slapp Høyang inn i kampen i 2.omgang? Ville me slite med å halda strukturen mot eit sterkt Årdal lag? Me har bak oss nokre svært gode treningsveker. Spelarane har ein kondisjon som er imponerande og ballen går fort og presist i hallen.

 

Vik - Årdal 5-1

E-post Skriv ut PDF

Vik vann fortjent og overkøyrte Årdal i dagens treningskamp inne i Sognahallen. Vik gav seg ikkje før det sto 5-1 på måltavla, og Vik hadde full kontroll på Årdølene heile kampen.

Øystein Myrkaskog 2, Robert Hovland, Anders Helleland og Tarjei Vevle skora måla. Meir referat kjem frå hovudtrenaren seinare i kveld. 

Troppen til kampen mot Årdal

E-post Skriv ut PDF

Stig Roar Hovland, Renè Anthony Haugen, Joakim Tollnes, Idar Holen, Tord Hove, Robert Hovland, Svein Erik Saglien, Anders Helleland, Tarjei Vevle, Kristoffer Valsvik, Øystein Myrkaskog, Kristian Bergstø, Marius Valsvik og Dag Einar Bøtun.

 

Kampstart i Sognahallen er søndag kl.15.30.

Treningskampar

E-post Skriv ut PDF

Det har hendt ein del nytt som er positivt for Vik på "treningskamp-fronten" den siste tida. Søndag 20. februar kl.15.30 spelar Vik treningskamp mot Årdal i Sognahallen. Det blir svært verdifullt for oss å få så god motstand på ein så bra kamparena som Sognahallen på denne tida i oppkøyringa. Treningskampen mot Høyang 5. februar er einaste dagen me har hatt på fotballbane i 2011.

 

 

Laurdag 26. februar kl.13.00 skal me spele mot Dale i Høyanger.

 

 

No får me to kampar på ei veke mot sterke motstandarar. Det blir ein kjærkommen test for spelarane i Vik, som er ivrige etter å spela "skikkeleg" fotball etter mange veker med trening i hallen. Eg trur heilt klart at treningane våre i hallen vil vere gull verdt når sesongen tek til. Balltempoet, pasningskvaliteten, bevegelsen og intensiteten i innefotballen er moment som eg håpar og trur Vik-publikummet vil dra kjensel på når serien blir sparka i gang.

 

 

Treningskamp i Balestrand avlyst

E-post Skriv ut PDF

På grunn av dårlege baneforhold blir treningskampen mot Balestrand onsdag 16. februar avlyst. Neste treningskamp for Vik sin del blir borte mot Dale laurdag 26. februar. Fram mot den tid skal det leggjast inn ekstra store treningsdosar. Underteikna legg opp til trening i helga, i tillegg til trening kvar dag i vinterferieveka.

Februar Oppdatering

E-post Skriv ut PDF

Status pr. dags dato. Me er i rute...

VIKTIG MELDING! TRENINGSAVGIFT/LISENS

E-post Skriv ut PDF

Vi minner om at alle spelarar på seniorlaga må betale treningsavgift og lisens.

mod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_countermod_vvisit_counter
mod_vvisit_counterI dag79
mod_vvisit_counterI går255
mod_vvisit_counterDenne veka459
mod_vvisit_counterFørre veka1513
mod_vvisit_counterDenne månaden334
mod_vvisit_counterFørre månaden5882

Denne nettsiden er laget av Stig Blomseth