Kampen vart spelt på kunstgraset i Høyanger. Vik spelte med dette laget: Knut, Rene (Ørjan frå 60min.), Marius, Steinar, Tord, Robert, Tarjei, Idar, Endre (Anders frå 53 min.), Svein Erik (Joakim F frå 68 min.) Øystein
Etter mykje stillingskrig i starten tek Vik initiativet og spelar med stor ro i forsvarsfiraren før ein spelar seg høgre i bana. Første skårigen kjem etter 17 min då Rene legg inn til Øystein, som headar hardt i mål frå12- 13 meter. Etter 17 min er Øystein på farten at. Svein Erik stussar vidare eit utspel til Tarjei, som stikk fint gjennom til Øystein. Øystein set ballen trygt til side for keeper og i mål.
I denne perioden fører me kampen og har god kontroll. Dale skapar lite.
Så slepper me Dale litt inn i kampen at. Etter 42 min får Dale tildelt straffe. Vik forsvaret vil ha offside i situasjonen, men det er dommaren som dømmer... Som så ofte før når Knut står på streken ender ikkje straffen i mål. Dale set ballen i stanga til høgre for Vik-keeperen.
Etter dette våknar Vik litt og skaper to farlege sjansar før pause.
Første del av 2.omgang er Vik friske og skapar fleire store sjansar. Etter 56 min kjem det eit oppspel som Svein Erik stussar vidare. Anders, som nett har komme inn, kjem på eit flott løp, tek med seg ballen og vippar over ein utstormande Dale-keeper.
3-1 målet kjem etter 83 min. Eit Dale-frispark frå kring 40 meter blir slått inn i feltet. Ein Dale-spelar får lov til å ta ned ballen og set den i mål frå 10-11 meter.
Før dette har me ein stor dobbelsjanse med Tarjei og Svein Erik. Tarjei er gjennom men kjem litt skeivt på mål. Keeper reddar og Svein Erik skyt returen frå skrått hald i stanga. På overtid rundar Øystein keeper, men ballen blir redda på streken. Joakim er framme og set ballen i mål, men blir blåst av for offside.
Utanom måla har eg 9-4 til Vik i sjansestatistikken. Det Dale skapar sjansar å er nesten utelukkande overgangar etter at Vik mister ballen i ugunstig posisjon.
Me har mykje positivt å ta med oss vidare frå kampen og litt rusk som må lukast vekk. Laurdag som kjem er det treningskamp mot Balestrand i Balestrand.