Grasrotandelen
Tippar du?
- Detaljar
- Kategori: Nyhende
- Publisert den fredag, 02. juli 2010 01:21
- Skrevet av Cato Myrkaskog
- Treff: 312
Er du ein av mange som leverer inn tippelappar kvar helg? Og gjerne slenger med ein lottokupong i ny og ne?
Har du då tenkt på at du kan vere med på å bestemme kvar din del av grasrotandelen skal gå?

Vil du gje di støtte til VIK IDRETTSLAG?
Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelarkan velje eit lag eller ei foreining som du ynskjer å støtte - din Grasrotmottakar. Me oppfordrar sjølvsagt deg til å støtte oss i VIK IDRETTSLAG.
Tenk deg at du kan spele på favorittspela dine - Lotto, Tipping og Joker, for å nevne nokre døme - samstundes som du gir noko meir til det laget eller den foreininga du sjølv ynskjer å støtte. Dette er no mogleg via Grasrotandelen. Ved spel hjå Norsk Tipping vil inntil 5% av innsatsen gå direkte til ditt lag eller foreining. (Dette gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje på noko vis går ut over innsatsen eller premien din - du vert ikkje belasta for noko for å vere grasrotgivar. Du treng Norsk Tipping sitt Spillerkort for å kunne knytte deg til Grasrotandelen. Slikt kort får du hjå kommisjonæren, eller du kan bestille det på www.norsk-tipping.no.
Me vil oppfordre deg til å knytte deg til ordninga alt i dag, og det gjer du på ein av følgande måtar:
1. Hjå Kommisjonær. Skriv ut strekkoden og ta denne og spelarkortet ditt med til ein av Norsk Tippings mange kommisjonærar.
2. SMS: GRASROTANDELEN 980275159 til 2020 (tjenesta er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no.
4. Norsk Tipping Mobilspill.
Meir informasjon finnes på www.grasrotandelen.no. Her vil du og kunne følgje med på kor mykje Grasrotandelene genererer for dei enkelte Grasrotmottakarane. Klikk på linken her, for å se status på antall personar som gir sin grasrotandel til VIK IDRETTSLAG. Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!

Logg inn
KM Innandørs 2012
| 28-01-2012 18:15 | ||
| Florø | 3 : 1 | Vik IL |
| 28-01-2012 18:00 | ||
| Vik IL | 6 : 0 | Saga 1 |
| 28-01-2012 17:30 | ||
| Vik IL | 4 : 0 | Kaupanger 2 |
| 28-01-2012 15:45 | ||
| Vik IL | 6 : 0 | Eikefjord 2 |
| 28-01-2012 14:15 | ||
| AHIL 2 | 3 : 5 | Vik IL |
| 28-01-2012 13:30 | ||
| Vik IL | 2 : 0 | Jølster 3 |
| 28-01-2012 12:00 | ||
| Saga 2 | 1 : 3 | Vik IL |
| 28-01-2012 10:30 | ||
| Vik IL | 3 : 1 | Florø |
Teljar






![]() | I dag | 57 |
![]() | I går | 50 |
![]() | Denne veka | 166 |
![]() | Denne månaden | 1242 |
![]() | Totalt | 8563 |






