Portrettintervju: René Anthony
- Detaljar
- Kategori: Nyhende
- Publisert den måndag, 07. februar 2011 16:37
- Skrevet av Redaktør
- Treff: 366
Me kjem i løpet av sesongoppkøyringa å ha nokre portrettintervju. Første mann ut er ingen ringare enn superback René Anthony Haugen, eller Alvés som ein kallar han. Redaksjonen stillte nokre spørsmål vedrørande sesongen.

Du er tilbake sterkare enn før, og satsar seriøst i årets sesong. Kva er ambisjonane denne sesongen ?
Min personlege ambisjon er selfølgelig å få bidra til seier, samtidig som å vere med på eit nytt opprykk. Det hadde vore stas.
Du har spelt på ein rekke posisjonar sidan du kom heim frå Høyanger, og i fjor var du på midtbana for Vik 2. Kva posisjon får me sjå deg i år ?
Eg føler meg mest komfortabel som høgreback, då eg får bruke løpskraften og bidra til gode overgangar. Eg kjem vel meir eller mindre til å spela ving-back i år. Noko spelestilen min tilseier. Eg vil ikkje ligge bak å "safe". Så i år kjem Vikjapublikumet til å sjå ekstrem offensiv fotball.
Barcelona har lenge vore i media og uttalt at dei vil forsterka med ein høgreback, kva tankar har du om det ?
Skulle rette tilbodet komme på bordet, så er jo det ein vurderingssak.
Ny trenar inn for Vik denne sesongen, korleis påverknad har det ?
Jarle Christensen er heilt klart eit bra valg som trenar. Ambisiøs, offensiv i tankegangen, og meget taktisk. Han kan tilføra Vik breidde i angrepsspelet, og filosofien er å skore meir enn motstandaren. Dette skal bli bra.
Kva profilar kjem til å bemerke seg i årets 4.divisjon ?
Eg trur faktisk at eg sjøl kan bli ein profil, men på mitt eige lag vil nok spelarar som Vevle, Valsvik og Myrkaskog bemerke seg i årets sesong.
De vann knepent mot eit ungt Høyanglag i årets første treningskamp. Korleis var kampen ?
1.omgangen vår er strålande, men kva meir skal ein sei når motstandarlaget skora 3 mål då eg var i dusjen ? Første kampen er alltid litt ustabil, men eg lovar bedre framføring mot Balestrand om ei veke.
Takk til René Haugen, og lykke til i sesongen.
Logg inn
Tabell
| № |
Team
|
Played | Points |
|---|---|---|---|
| 1 | Førde | 7 | 18 |
| 2 | Voss | 7 | 15 |
| 3 | Årdal FK | 7 | 15 |
| 4 | Vik IL | 7 | 13 |
| 5 | Stryn | 7 | 12 |
| 6 | Fyllingsdalen 2 | 6 | 10 |
| 7 | Florø | 7 | 10 |
| 8 | Radøy/Manger | 6 | 10 |
| 9 | Øystese | 7 | 7 |
| 10 | Tornado Måløy | 7 | 7 |
| 11 | Sotra | 6 | 6 |
| 12 | Saga | 7 | 6 |
| 13 | Bergen Nord | 6 | 4 |
| 14 | Eid | 7 | 4 |
Neste Serierunde
| 23-05-2012 19:00 | ||
| Fyllingsdalen 2 | - | Sotra |
| Bergen Nord | - | Radøy/Manger |
| 25-05-2012 19:30 | ||
| Bergen Nord | - | Saga |
| 26-05-2012 15:00 | ||
| Førde | - | Voss |
| Radøy/Manger | - | Årdal FK |
| Vik IL | - | Florø |
| 26-05-2012 16:00 | ||
| Sotra | - | Tornado Måløy |
Toppscorar 2012
Servitøren 2012
Råtassen 2012
Teljar






![]() | I dag | 124 |
![]() | I går | 165 |
![]() | Denne veka | 847 |
![]() | Denne månaden | 2446 |
![]() | Totalt | 16014 |






