Siger i årets fyrste treningskamp...
- Detaljar
- Kategori: Nyhende
- Publisert den laurdag, 05. februar 2011 19:31
- Skrevet av Redaktør
- Treff: 241
Vik spelte sin fyrste treningskamp laurdag. Borte mot Høyang fekk trenar Jarle Christensen ein del signal på kva Vik gjorde bra, og kva Vik gjorde dårleg.
Vik stillte med fylgjande lag: Knut Jarle Bjørnestad, René Anthony Haugen, Marius Valsvik ,Ken-Ørjan Lundheim, Tord Hove, Robert Hovland, Tarjei Vevle, Kristoffer Valsvik, Steinar Wold, Svein Erik Saglien (c), Øystein Myrkaskog.
Benken: Ørjan Tveit Grov, Joakim Tollnes, Idar Holen, Kristian Bergstø.
Ørjan Tveit Grov inn for René Anthony Haugen
Joakim Tollnes inn for Svein Erik Saglien
Idar Holen inn for Kristoffer Valsvik
Kristian Bergstø inn for Tord Hove
Vik starta litt passivt dei første 15 minuttane av kampen, og Vik skulle slå langt i byrjinga. Dette lukkast dei med, då dei skapte ubalanse i det unge Høyanglaget. Etter 15 minutt av kampen, satte Vik fart og utspelte Høyang til de grader ut omgangen. Høyang hadde lite å stille opp med i 1.omgang, og Vik leia fortjent 3-0 til pause. Skoringar av Øystein Myrkaskog,Robert Hovland og Svein Erik Saglien.
Vik spelte offensiv god fotball, og hadde ved fleire høve gode og farlege overgangar. Men effektiviteten skorta sjølv om ein leia komfortabelt. Høyang hadde 2 halvsjansar i 1.omgang, og kunne fort ha redusert då Knut varta opp med to verdensklassereddningar.
Me spelte ein forrykande omgang, med masse dobbling på kant, fine kombinasjonar, og offensiv i tankegangen. Forsvarsfiraren spelte ein prikkfri omgang, og midtbana spelte seg fram til den eine sjansen etter den andre. Øystein og Saglien på topp var ein konstant trussel, men for mangen avsluttningar gjekk i staden utanfor mål.
Bortelaget gjorde 2 bytter i pausen, og 3 minutt ut i andre omgang la Øystein på til 4-0. og det såg tilfredstillande ut. Men me tok feil. Litt ukonsentrerte serviterte ein Vikspelar ballen tilbake til keeper, og i pressa situasjon vart klareringen frå Knut, gjekk ballen i ein Høyangspelar som kunne redusere til 1-4.
Vik vart litt for stasjonære i 2.omgangen, og slapp Høyang meir og meir inn i kampen. Høyang rakk å redusere ein gong til, før Øystein satte inn sitt 3 for dagen. Men Høyang gav seg ikkje, og reduserte til 4-3, som vart sluttresultatet.
2.omgangen vart ikkje noko stor oppleving for Vikjene, men det positive er at me spelar ein fantastisk 1.omgang, og skapar masse sjansar. For all del; Vik skapar flust av sjansar i 2.omgang også, men reint spelemessig, passningsmessig er ikkje 2.omgangen i nærleiken av samme nivå som 1.
Ros til Høyang som aldri gir opp, og viser at dei har ein talentfabrikk det luktar svidd av. I dei nermaste åra, kan Høyang skapa eit lag som kan bli heilt fantastisk.
Vik på si side hadde to debutantar i dagens kamp. Ken-Ørjan Lundheim og Joakim Tollnes.
Om litt over ei veke spelar Vik mot Balestrand.
Banas beste: Marius Valsvik
Kampfakta:
Høyang - Vik 3-4 , Øystein Myrkaskog, Svein Erik Saglien, Robert Hovland, Øystein Myrkaskog
Gule kort: Edin Agovic (Høyang), Ørjan Grov Tveit (Vik)
Dagens dommar: Reidar Grønli. Dømte ein bra kamp, men burde slå hardare ned på nokre situasjonar som kunne bevittnast frå benken som grisespel.
Logg inn
Tabell
| № |
Team
|
Played | Points |
|---|---|---|---|
| 1 | Førde | 7 | 18 |
| 2 | Voss | 7 | 15 |
| 3 | Årdal FK | 7 | 15 |
| 4 | Vik IL | 7 | 13 |
| 5 | Stryn | 7 | 12 |
| 6 | Fyllingsdalen 2 | 6 | 10 |
| 7 | Florø | 7 | 10 |
| 8 | Radøy/Manger | 6 | 10 |
| 9 | Øystese | 7 | 7 |
| 10 | Tornado Måløy | 7 | 7 |
| 11 | Sotra | 6 | 6 |
| 12 | Saga | 7 | 6 |
| 13 | Bergen Nord | 6 | 4 |
| 14 | Eid | 7 | 4 |
Neste Serierunde
| 23-05-2012 19:00 | ||
| Fyllingsdalen 2 | - | Sotra |
| Bergen Nord | - | Radøy/Manger |
| 25-05-2012 19:30 | ||
| Bergen Nord | - | Saga |
| 26-05-2012 15:00 | ||
| Førde | - | Voss |
| Radøy/Manger | - | Årdal FK |
| Vik IL | - | Florø |
| 26-05-2012 16:00 | ||
| Sotra | - | Tornado Måløy |
Toppscorar 2012
Servitøren 2012
Råtassen 2012
Teljar






![]() | I dag | 124 |
![]() | I går | 165 |
![]() | Denne veka | 847 |
![]() | Denne månaden | 2446 |
![]() | Totalt | 16014 |






