VIK 2 avdelingsvinnar i 6.divisjon

Vik 2 viste i siste seriekamp at dei var det beste laget, og slo Sogndal 3 heile 3-1 på heimebane. Marius Tistel vart dagens store Vikspelar og noterte seg for 2 nettkjenningar.  Vik 2 er dermed avdelingsvinnar, og klar for kvalikk til 5.divisjon.

 

 


Vik 2 vant fortjent 3-1 over eit ungt Sogndal 3 lag. Anført av ein kvikk Marius Tistel på topp herja Vik med Sogndølene i 1.omgang. Det eine angrepet etter det andre resulterte i store målsjansar, men utan at blåtrøyene fekk ballen i nota. 

Men Vik tok leiinga meget så tidleg. Marius Tistel blei frispelt i bakrom der han spring i frå alle, og skorar eit flott mål frå ein litt skrå vinkel. Fortjent leiing. 

Vik dominerte sjansestatistikken, og hadde fleire feite måltilbod blandt anna frå Svein Erik Saglien som ved to anledningar fekk gå opp heilt upressa og heade. Men sisteskansen til Sogndal redda, og holdt Sogndal inne i kampen meget lenge. 

Vik leiren gjekk av hengslene 16 minuttar seinare då Anders slo eit perfekt slått innlegg til Svein Erik Saglien som heada ballen kontant i mål. Vakkert angrep, vakkert innlegg og ein vakker skoring. .. 2-0, og Sogndal verka sjokkerte. 

Leiinga sto til pause. Vik burde ha skora 2-3 mål til, men alt i alt er underteikna fornøgd med spelet til Vik i 1.omgang.

 

2.omgang vart ein transportetappe for heimelaget. Sogndal 3 kom betre med i kampen, og skapte uro for forsvaret, men Vik kjempa hardt og nekta Sogndal rom. Men det skulle bli spenning i kampen då Sogndal reduserte 28 minutt ut i omgang 2. 

Men det var ikkje tvil om kven som hadde dagen. Marius Tistel har for alvor vist at han har gamle takter i seg, og avgjorde kampen 5 minutt før slutt. Og denne var også av den vakre sorten. Saglien mottek ballen frå Anders, førstnevnte tek ballen med seg framover, spelar ein stikkball gjennom midtstopparane til Dag Einar Bøthun, som uegoistisk passar til ein umarkert Marius Tistel som fastsette sluttresultatet til 3-1.

Benken var tynn i dag, og me mangla ein del spelarar til denne kampen. Underteikna vart ikkje friskmeldt hjå klubblegen, og sat 90 minutt på benken. Sølve Finne kom inn og gjorde ein god figur. Og "gamlefanhakke" Bjørn Hegerland spelte rutinert og veldig klokt.. God kamp av Hegerland.

Laget:

Knut Bjørnestad - Tord Hove - Fredrik Skogsrud - Bjørn Hegerland - Kristian "Jæger", Dag Einar Bøthun, Anders Helleland, Jøran Berdal, Ørjan Tveit, Marius Tistel, Svein Erik Saglien.

Benken: René Haugen, Øystein Myrkaskog, Stig Roar Hovland, Marius Valsvik, Sølve Finne, Idar Holen, Terje Målsnes, Nils Geir Myrkaskog, Bernt Skogsrud og Nils Arild Fedje.

Vik er klar for kvalikkamp, og det skal bli spennande å sjå kven som blir motstandar. Me oppdaterer saken etterkvart.

 

    Vik sine siste 5

    19-05-2012 16:00
    Vik IL 6 : 1 Bergen Nord
    16-05-2012 18:30
    Årdal FK 5 : 1 Vik IL
    12-05-2012 15:00
    Radøy/Manger 3 : 3 Vik IL
    05-05-2012 14:00
    Vik IL 7 : 5 Saga
    28-04-2012 16:00
    Vik IL 3 : 1 Førde

    Tabell

    Team
    Played Points
    1 Førde 7 18
    2 Voss 7 15
    3 Årdal FK 7 15
    4 Vik IL 7 13
    5 Stryn 7 12
    6 Fyllingsdalen 2 6 10
    7 Florø 7 10
    8 Radøy/Manger 6 10
    9 Øystese 7 7
    10 Tornado Måløy 7 7
    11 Sotra 6 6
    12 Saga 7 6
    13 Bergen Nord 6 4
    14 Eid 7 4

    Neste Serierunde

    23-05-2012 19:00
     
    Bergen Nord - Radøy/Manger
     
    Fyllingsdalen 2 - Sotra
    25-05-2012 19:30
     
    Bergen Nord - Saga
    26-05-2012 15:00
     
    Radøy/Manger - Årdal FK
     
    Vik IL - Florø
     
    Førde - Voss
    26-05-2012 16:00
     
    Sotra - Tornado Måløy

    Teljar

    016008
    I dagI dag118
    I gårI går165
    Denne vekaDenne veka841
    Denne månadenDenne månaden2440
    TotaltTotalt16008
    Høgaste 05-05-2012 : 210
    Innlogga brukarar 1
    Gjester 23
    Registrerte brukarar 27
    Now Online
    Myrkaskog