Tap i Årdal

InnleggKampen om streken tetnar stadig til, og alle laga rundt kjempar hardt om posisjonane som unngår den tunge vegen ned i divisjonssystemet. Laurdag møttes Vik og Årdal i regnveret i Årdal.

 

 

 

1. omgang

 

Det var ikkje så mykje i dei første 20 minutta av kampen som skulle tilseie at sluttsifra blei som dei blei. Bortsett frå eit annullert Årdal-mål så skjedde det heller lite.

Men så kom Vik seg rundt på kant, og innlegget blei noko uheldig satt i eige mål av Preben Strypet på Årdal.

Vik scorarDette såg ut til å gi Vik det løftet dei trengte, og tolv minutt seinare var det Øystein Myrkaskog som lot årdalsforsvaret stå igjen som saltstøtter og hamra ballen i mål bak keeper Degerowski i Årdal sitt mål. Og fram til dette såg det ut til at Vik var dei som var mest skjerpa og ville mest.

Årdal er imidlertid ikkje kjent for å gi seg utan kamp, og etter å ha justert litt kom dei seg til nokre gode innlegg og i det 42. minutt fekk dei scoringa si. Stillinga 1 - 2 til pause var eit klart signal til begge lag om at her var ingenting avgjort.

 

 

2. omgang


I pausen tok Årdal-trenar Krosshaug grep, tok ut Jevnaker og satte inn Christian Stedje på midtbana for å kunne bryte ned vikjene sin bastante forsvarsmur. Dette lukkas dei med over all forventning. Etter 63 minutt blei Årdal tildelt straffespark av dommaren. Dette var kanskje korrekt, men ein del vikjer vil nok hevde at det skulle vore straffe til Vik nokre situasjonar før, når Thomas Hjortland blei måka ned som ei fellingsklar bjørk inne i Årdal sin sekstenmeter. Men slik er det når ting byrjar å butte i mot, dommaren vinka spelet vidare, og Årdal gjekk framover og fekk straffe i staden. Coach Hovland legg i alle fall ikkje fingrane i mellom i sin omtale av dommaren: "– Eg høyrde smellen heilt bort til innbytarbenken, så det var eit klart straffespark. Når keeperen vår i tillegg får gult for å trekka ut tiden og ein Årdal-spelar slepper unna med tilsnakk for ein lyseraud takling midt på bana vert det heile litt håplaust."

 

Preben Strypet scora sikkert på straffesparket, og hadde henta inn Vik si tomålsleiing. Ni minutt seinare var dei frampå igjen og frå 3-2 og ut var det igrunn ikkje noko tvil om at Årdal kom til å ta sigeren i land. Lufta gjekk ut av Vik, og Årdal tok styringa på kampen, anført av innbyttar Stedje. Han scora sjølv 4-2, og på overtid fastsatte Årdal sluttresultatet til 5-2.

Jarle markerar

Og som nok eit tegn på at ting ofte kjem i tett følge når det buttar i mot, så var Vik også uheldig med innbytter.
Rene Haugen, kjent frå desse websider, kom inn i det 70. minutt, og måtte gå ut igjen i det 82. med skade. Me håpar det ikkje varar lenge før han er tilbake på bana denne gongen.

 

Tre kampar igjen


Vik har no tre kampar igjen til å avgjere sin divisjonsstatus for neste sesong.

Først nok ein tøff bortekamp, mot Eid 25. september, før Jølster kjem på besøk til Vik Stadion i sesongen siste heimekamp 2. oktober. Det heile vert avslutta borte mot Sandane 9 oktober. Det er 9 poeng å sloss om. Eid er framleis med i toppen, Tornado/Måløy har 5 poeng ned til Stryn og 6 til Eid, så det blir ingen lett bortetur til nordfjord. Jølster og Sandane er hekta av i kampen for tilværelsen i 3. divisjon, men det blir ikkje enklare av den grunn.  Her må det vere full skjerping, og beinhard jobbing i alle tre kampane.

 

Og det kan vel ikkje seiast for ofte, laget treng all den støtta dei kan få, så no er det berre å kjenne si besøkelsestid. Møt opp på alle dei kampane de kan, og ver med på å heie laget fram til fornya kontrakt i divisjonen.

 

"Så lenge det er håp skal me stå på. Det er ni poeng å kjempa om" seier Stig Roar Hovland.  Og det er kanskje greit å merke seg at det slett ikkje er noko enkelt program igjen for konkurrentane heller. Fjøra, som innehar 6. plassen i dag, møter "byrival" Sogndal 2 heime før dei har bortekampar mot Høyang og toppkandidat Eid. Dale, som i dag ligg på 7. plass med likt antal poeng som Fjøra, møter serieleiar Tornado/Måløy, eit Florø-lag som pr i dag er på trygg grunn, men kun eitt poeng framfor Fjøra og Dale og dermed må ha full skjerping, og til slutt møter dei eit Årdalslag som jaktar på topp-tre finish.  Florø møter Stryn, Dale og Sogndal 2, så dei er altså på ingen måte trygt i havn enda.

 

Klarar vikjene derfor å gjere SIN del av jobben, så kan dette gå vegen likevel!

 

HEIA VIK!

 

 

 

    Vik sine siste 5

    19-05-2012 16:00
    Vik IL 6 : 1 Bergen Nord
    16-05-2012 18:30
    Årdal FK 5 : 1 Vik IL
    12-05-2012 15:00
    Radøy/Manger 3 : 3 Vik IL
    05-05-2012 14:00
    Vik IL 7 : 5 Saga
    28-04-2012 16:00
    Vik IL 3 : 1 Førde

    Tabell

    Team
    Played Points
    1 Førde 7 18
    2 Voss 7 15
    3 Årdal FK 7 15
    4 Vik IL 7 13
    5 Stryn 7 12
    6 Fyllingsdalen 2 6 10
    7 Florø 7 10
    8 Radøy/Manger 6 10
    9 Øystese 7 7
    10 Tornado Måløy 7 7
    11 Sotra 6 6
    12 Saga 7 6
    13 Bergen Nord 6 4
    14 Eid 7 4

    Neste Serierunde

    23-05-2012 19:00
     
    Bergen Nord - Radøy/Manger
     
    Fyllingsdalen 2 - Sotra
    25-05-2012 19:30
     
    Bergen Nord - Saga
    26-05-2012 15:00
     
    Vik IL - Florø
     
    Førde - Voss
     
    Radøy/Manger - Årdal FK
    26-05-2012 16:00
     
    Sotra - Tornado Måløy

    Teljar

    016007
    I dagI dag117
    I gårI går165
    Denne vekaDenne veka840
    Denne månadenDenne månaden2439
    TotaltTotalt16007
    Høgaste 05-05-2012 : 210
    Innlogga brukarar 1
    Gjester 21
    Registrerte brukarar 27
    Now Online
    Myrkaskog