Høyang - Vik 2-3

Vik har for alvor meldt seg inn i kampen om den viktige 6.plassen, som gir rett til spel i 3.divisjon også til neste år. Høyang ville mykje, men Vik trakk det lengste strået.


Vik kom frå Florø kampen med masse sjølvtillit, og har enda eit håp om å ta 6.plassen. Høyang har lite å spele for, men spelte ein grei kamp mot eit sterkt Viklag. Kampen hadde nesten alt. Store sjansar, dramatikk, straffespark.. Meir kunne ikkje heimepublikummet på Sletta få. For Vik tok sin andre siger på rad.  Personleg tykkjer eg synd i Høyang som har vore katastrofale i haustsesongen. Den andre halvdelen av hjertet mitt bankar for Høyang, og det er trist at laget ligg sist, og rykkjer ned.

Men tilbake til kampen. Det vart ei jamn opning, der spelet bølga fram og tilbake. Vik produserte dei største sjansane, Høyang var fullt på høgde med Vik innleiingsvis, og kunne ha skora. 

Men det var Vik som tok leiinga. Ein corner fra Kristoffer Valsvik traff pannebrasken til sin eldre bror Marius, som styrte ballen via Jaran Vefring i Høyangburet. Ei fortjent leiing, men Høyang var ikkje ufarlege.

Det vart ein underhaldande og spennande 1.omgang me vart vitne til.. Vik var farlege på overgangane sine, medan Thomas Frichsen prøvde så godt han kunne på heimelaget å opne for ei utlikning.

Pause på Sletta. Underteikna er inne på bana i pausen, og sler crossballar til stor begeistring for heimepublikummet:) hehe.... 

2.omgang byrja som den første slutta. Vik har overtaket, men Høyang nektar å gje opp.. Spiriten til Høyang er tilstades, men sjølvtilliten ligg gøymt ein plass mellom mai og juni..

Så startar dramatikken på Sletta.  Høyang får frispark. Thomas Frichsen tek frisparket kjapt, og spelar i bakrom til Kristoffer Kaldstad. Piotr Cupryn er litt nølande, men kjem ut, og regelrett knuser unge stakkars Kaldstad i bakken. Straffe til Høyang. 1-1, treng eg å sei meir ? Thomas Frichsen som alltid set straffa sikkert. 

Då fekk Høyang noko å juble for, i ca 3 minutt. Øystein Myrkaskog fyrer av, treff tverliggaren, og ballen sprett ut, og Endre Holstad sett ballen i mål. Vik opp i føringa.

Det blir mykje skriv om Thomas Frichsen i dag, men ein frustrert nr 10 lova ikkje godt. Kanskje ikkje så rart frustrasjonen sprer seg då ein slepp inn mål rett etter utlikninga.

Frichsen fekk gult kort for å sparke bort ballen, og samme mann var på ferd då han jakta ein ball som gjekk til Piotr i Vikburet. Thomas prøver å gå på ball, men treff Piotr. Heldigvis gjekk det bra med Piotr som blei liggande lenge.

Høyang får corner , Amund Rørvik, (sonen til Ausa) sler ein passning rettning 16 meteren, der dukka Daniel Nordeide opp og skyt ballen knallhardt i mål.!!! Ein fantastisk skoring, og Høyang utliknar for andre gang. 

Då tenkte mangen at kampen skulle ebba ut til poengdeling, som det har blitt dei siste 3 oppgjera.

Men så skjer det som har vore litt av Høyangs største utfordring i år. Vik tek leiinga på nytt, og dette berre 2 minutt etter Høyang si skoring. Merkeleg, men sant. 

Thomas Hjortland er på plass, og sikra Vik 3.poeng. Høyang spelte ein heilt ok kamp, men blei straffa for enkle baklengsmål...  Vik produserte store sjansar, og hadde tidvis kontroll på Høyang. 

Dagens vikje, vår kjære kaptein, Marius Valsvik.

(PS: Stig Roar Hovland satt ringside på tribuna med gamle lagkameratar i denne kampen pga raudt kort).

Me nermar oss Florø på tabellen!

Piotr - Idar - Marius - Steinar - Jarle - Robert - Tarjei - Kristoffer - Thomas - Endre - Øystein

Benk: René, Tord, Svein Erik





 

    Vik sine siste 5

    19-05-2012 16:00
    Vik IL 6 : 1 Bergen Nord
    16-05-2012 18:30
    Årdal FK 5 : 1 Vik IL
    12-05-2012 15:00
    Radøy/Manger 3 : 3 Vik IL
    05-05-2012 14:00
    Vik IL 7 : 5 Saga
    28-04-2012 16:00
    Vik IL 3 : 1 Førde

    Tabell

    Team
    Played Points
    1 Førde 7 18
    2 Voss 7 15
    3 Årdal FK 7 15
    4 Vik IL 7 13
    5 Stryn 7 12
    6 Fyllingsdalen 2 6 10
    7 Florø 7 10
    8 Radøy/Manger 6 10
    9 Øystese 7 7
    10 Tornado Måløy 7 7
    11 Sotra 6 6
    12 Saga 7 6
    13 Bergen Nord 6 4
    14 Eid 7 4

    Neste Serierunde

    23-05-2012 19:00
     
    Bergen Nord - Radøy/Manger
     
    Fyllingsdalen 2 - Sotra
    25-05-2012 19:30
     
    Bergen Nord - Saga
    26-05-2012 15:00
     
    Vik IL - Florø
     
    Førde - Voss
     
    Radøy/Manger - Årdal FK
    26-05-2012 16:00
     
    Sotra - Tornado Måløy

    Teljar

    016003
    I dagI dag113
    I gårI går165
    Denne vekaDenne veka836
    Denne månadenDenne månaden2435
    TotaltTotalt16003
    Høgaste 05-05-2012 : 210
    Innlogga brukarar 1
    Gjester 17
    Registrerte brukarar 27
    Now Online
    Myrkaskog