Taktikkprat frå Haugen Blogg
- Detaljar
- Kategori: Nyhende
- Publisert den fredag, 27. august 2010 01:20
- Skrevet av Redaktør
- Treff: 222
Eg vil med denne artikkelen prøve å lyse ein del "grubbling" når det kjem til taktikk i klubben vår....
Fotball er eit lagspel. Alle er med sålangt ? Fotball er eit kollektivt lagspel. For å spele ein fotballkamp må begge lag ha 11 spelarar på bana. Interessant tema i grunn, fordi eg skal settje vår eigen klubb i søkjelyset.
For å prestere i kamp, må ein også prestere på trening. Utan å prestere på trening, vil ein også mislykke i kamp.
Eit godt døme er Vik - Tornado Måløy. Det vart tap, med stygge siffer. Men målkalaset betyr ingen verdens ting. Det er korleis ein tapte denne fotballkampen. (Ein kombinasjon av taktiske val, individuelle ferdigheiter, psykologi, kollektiv fiasko, osv osv.. ) Fantasien set grenser i dette dømet. Men fasiten ligg som eit delsvar.
Trening, trening, og atter trening. Alle lag er tent med å ha solide treningsgrunnlag, og det er slik ein klarar å prestere. Får ein til det meste på trening, vil det etter stor sannsynlegheit lukkast i kamp. MEN;
Det er ikkje mykje hjelp i om Øystein skorar 30 mål på ei trening, eller Robert vinn 20 av 21 duellar, eller at Piotr held nullen. Det me ser, er at dei nevnte spelarane ovanfor presterer godt, medan dei andre kanskje ikkje har dagen.
Som sagt; Fotball er eit lagspel, og for å lukkast, må heile kollektivet fungere som ein einheit. VIKTIG!
Fokuset på taktikk kan være forskjellig hjå mangen trenarar. I Vik, er fokuset på taktikk høgt prioritert, men problemet er som resultata tilseier; Det fungerar rett og slett ikkje...
Skulle eg vere så heldig å få Stig Roar til å spørje meg kva eg ville sei om taktikk; hadde eg svart kontinuitet. Kontinuitet er en så viktig del av det fotballfaglege. (Døme? : Lektor Nils Arne Eggen: Gjenskapelse av gode prestasjoner). Eit slikt postulat burde vore mykje flittigare brukt også i Vik.
Eg har skreve eit innlegg om dette før, og sette fingeren på ein del ulike problem når det kom til treningskulturen i Vik.
Kontinuitet på ting ein driver med, gjer at ting blir ein "vanesak". Døme? Du pusser tennene om kvelden før du legg deg. Dette er ein godt eksempel på kontinuitet. Du gjer dette kvar kveld, året gjennom. (Skjønnar de kvar eg vil fram til her ? )
Det samme prinsippet må også til for å skape ein kollektiv suksess på fotballbana. Dersom trenarane i Vik Fotball i januar/februar/mars terpar på ein spesiell taktikk, Så MÅ spelarane gjere leksa si. (I øyeblikket som eksempelet ovanfor, er det trenarane som pusser tennene til spelarane kvar kveld). Det er enkelt og greit ein kollektiv svikt.
Det hjelper heller lite om 6-7 spelarar forholder seg til taktikken, medan 3-4 andre ikkje er med på notane. Då har du igjen; eit kollektivt problem.
Resultatet, eller sjølve problemstillingen: Kva er det eigentleg som må til, for å få dette til ? ENKELT: Dersom 11 av spelarane til Vik hadde forholdt seg til den taktiske biten som er avtalt hos trenarane, skal det i utgangspunktet være ganske ABC å forstå at kollektivet presterar jamnare.
Men; for all del.. Det neste punktet er selfølgelig kritisk... Kva om taktikken ikkje fungerar som den skal.
Dette er nokså viktig del av prinsippet kontinuitet. I januar, februar og mars SKAL det terpast på taktikk, speleforståing, osv... Det er lange månader med blodslit, men ein har også i bakhovudet, at kampane kjem tett når våren set inn.
Om Stig Roar og Robert skisserar taktikk på ei tavle, så kan ein ikkje sitte å glo i veggen, eller snakke med sidemannen. Sjølvsagt er det også forståelse, lærdom og intelligens inne i bildet. Døme ? : To skuleelevar sit igjen på skulebenken etter å ha gjort faenskap. Straffa er meir teori. Læraren står framme med tavla og forklarar om eit emne. Av dei to som sit at, er det berre den eine som klarar å lagre dette i skallen, medan den andre trur han forstår, men gløymer det etter nokre minutt.). Poenget mitt er: Det fins spelarar i troppen som ikkje forstår heilt kva vedkommande skal gjer dersom han motek ballen, eller kva han gjer dersom han har ballen. USIKKERHEITA er stor, men fortvil ikkje om du er i denne situasjonen. Det er ein ærleg sak å ikkje forstå slike ting. Men her er ein fanken meg nødt til å gjere straffearbeid om du har mista din del av teorien.
Skulle ein være så uheldig å komme borti denna situasjonen, må ein sjølvsagt ta tak å forklare at dette skjønnte eg ikkje.
Taktikk er ein så opplagt del av fotballforståelse, at det tel meir enn me anar.
Som eit siste eksempel for i dag, vil eg bruke figur 1. Stig Roar står på sidelinja, og skrik som ein utrydningstrua bavian. Han hjelp spelarane til å finne posisjonane både deffensivt, offensivt, med ball, uten ball, mann i rygg, vend, slå støtte, slå langt, cross, hurtig frispark, raskt innkast, osv osv..... Den hjelpa som Stig Roar gir på sidelinja, er ei hjelpande hand.
Kva skjer dersom ingen gjer slik ? Jo, det går straka vegen åt helvete...... Men, som Tornado Måløy skulle ha sagt det; Enkle er ofte det beste... Og det var straffa...
Tornado Måløy har 11 spelarar på bana, det samme har Vik. Er Tornado så gode at dei regelrett kan skore over 20 mål på 4 kampar ? Igjen; speleforståelse, psykologi, individuelle ferdigheiter, taktiske val... ALT HØYRER SAMAN!
Kvifor brukar ein så mykje tid på feltet viss ein ikkje klarar det ein gong ? Å spele 4-4 mot Tornado Måløy i ein treningskamp er vel ikkje betydningsfullt ? Om Mourinho hadde trent Vik på laurdag, ville Vik tapt alikevel. Det er ikkje der det ligg. Skulle Vik møtt Barcelona på lørdag, hadde Mourinho vore god å ha. Men prinsippet skjønnar vel dei fleste... Spelarane må gjere seg til kjenne av dei taktiske disposisjonane som trenarane skisserar.
Klarar ein på trening å skjønne seg på taktikken til Stig Roar og Robert, få dei inn i skolten, og prestere ut i frå taktikken; Då har ein jaggu komme mangen steg vidare...
Tornado Måløy trillar ball i hatt med Vik. Har kondisjon noko å sei her ? NEI! Om Vik er godt trent, eller har 3-4 magiske spelarar på laget, så betyr det NULL NIKS... God uthaldenheit har mykje å sei, men ikkje for å vinne fotballkampar....
Det er mangen element som ligg til grunn for suksess, men det er jævla lite som skal til for å prestere høgare. Vik må komme seg opp frå kjellaren, begynne å terpe på ; speleforståelse, taktikk, taktiske val, og individuelle prestasjonar. Å samkøyre desse elementa er aldri noko sjakktrekk!
hehehe:) Fy faen så mykje gale underteikna klarar å skrive når den 3 øla går ned i systemet, men godt å få skreve litt kødd og:) Skal fortelle ein liten historie til slutt... (Denne er sann)...
Eg spelte i Høyang nokre sesongar, og første kampen etter sommarferien var det kamp mot Kaupanger. Eg ville heller til Oslo og Tusenfryd, i staden for å levere varene for eit Høyanglag som presterte jamnt med Haugen som general på midten. Einaste problem; Eg hadde ingen unnskyldningar for å ikkje møte til kamp, og eg drog ein "fransk" ein, og fortalte eg var dauande sjuk... Då frokosten på Oslo Plaza sto for tur, drog eg kjensle på Per A.Øren. (Far til Alexander Øren, som var lagkameraten min i Høyang). Eg kjende meg nervøs og prøvde å skjule meg bak hettegensaren, men til ingen nytte... Per A Øren såg nemleg at det var unge Haugen som sat tilknytt med hetta på, og lurte på korleis eg skulle rekke kamp på skogen den ettermiddagen. Unge Haugen svara ; Det er ikkje René du snakkar med, men tvillingbroren hans....
Enda på visa var at Haugen vart ilagt 3 kampars utestengelse, og ein flau smak i kjeften. Nei, eg er ikkje René, men tvillingbroren hans, hahaha... Så dumt...!!!
Det vart ikkje noko sak ut av det, men etter mykje om og men spelte Haugen sin første kamp etter utestengelsen og sikra 3 poeng til Høyang då han senka Florø aleine med 2 skoringar:)
Takk for meg, og god natt !:)
Haugen
Logg inn
Tabell
| № |
Team
|
Played | Points |
|---|---|---|---|
| 1 | Førde | 7 | 18 |
| 2 | Voss | 7 | 15 |
| 3 | Årdal FK | 7 | 15 |
| 4 | Vik IL | 7 | 13 |
| 5 | Stryn | 7 | 12 |
| 6 | Fyllingsdalen 2 | 6 | 10 |
| 7 | Florø | 7 | 10 |
| 8 | Radøy/Manger | 6 | 10 |
| 9 | Øystese | 7 | 7 |
| 10 | Tornado Måløy | 7 | 7 |
| 11 | Sotra | 6 | 6 |
| 12 | Saga | 7 | 6 |
| 13 | Bergen Nord | 6 | 4 |
| 14 | Eid | 7 | 4 |
Neste Serierunde
| 23-05-2012 19:00 | ||
| Bergen Nord | - | Radøy/Manger |
| Fyllingsdalen 2 | - | Sotra |
| 25-05-2012 19:30 | ||
| Bergen Nord | - | Saga |
| 26-05-2012 15:00 | ||
| Radøy/Manger | - | Årdal FK |
| Vik IL | - | Florø |
| Førde | - | Voss |
| 26-05-2012 16:00 | ||
| Sotra | - | Tornado Måløy |
Toppscorar 2012
Servitøren 2012
Råtassen 2012
Teljar






![]() | I dag | 109 |
![]() | I går | 165 |
![]() | Denne veka | 832 |
![]() | Denne månaden | 2431 |
![]() | Totalt | 15999 |






