VIK - TORNADO MÅLØY
- Detaljar
- Kategori: Nyhende
- Publisert den onsdag, 18. august 2010 16:46
- Skrevet av Redaktør
- Treff: 187
Til helga spelar Vik sin viktigaste kamp for sesongen. Det handlar om siger for heimelaget, og dette blir eit bikkjeslagsmål utan sidestykke.
Vik fekk med seg ein god 1.omgang i Dale, men fekk etterkvart kjempeproblem i 2.omgang. Vik sin keeper vart dagens spelar, med fleire fantastiske redningar.
Til helga kjem altså serieleiaren til Vik, og dette blir eit særs viktig oppgjer for å prøve å "åle" seg innpå dei andre framfor på tabellen.
Stig Roar Hovland og Robert Hovland har tilbake mangen spelarar som var uaktuelle forrige kamp, og det er viktig.
Det skortar sjølvsagt på sjølvtilliten til Vik om dagen, men eg trur Vik vil skapa problem for Målløylaget som fekk seg ein skikkeleg nesestyvar i forrige kamp mot Fjøra.
Her er det mykje som står på spel. Klarar gutane å gå utpå å ikkje tenke tabell, resultat og kor gode motstandaren er, samstundes som ein har tru på prestasjonane sine, vil eg påstå at Tornado Måløy kjem til å få store problem.
Eit anna viktig moment å ta med, er at publikum som har sjela si for Vik, bør møte opp og gi gutane ein solid "rygg".
(Som alle veit er det komen tak over halve tribuneanlegget, noko som gjer at publikum skal ha ein meget god unnskyldning for å ikkje komme på kamp sjølv om det regnar)
Me kjem tilbake til kampstoff, analyser, intervju, og sjølvsagt troppen som møter Tornado Måløy.
Logg inn
Tabell
| № |
Team
|
Played | Points |
|---|---|---|---|
| 1 | Førde | 7 | 18 |
| 2 | Voss | 7 | 15 |
| 3 | Årdal FK | 7 | 15 |
| 4 | Vik IL | 7 | 13 |
| 5 | Stryn | 7 | 12 |
| 6 | Fyllingsdalen 2 | 6 | 10 |
| 7 | Florø | 7 | 10 |
| 8 | Radøy/Manger | 6 | 10 |
| 9 | Øystese | 7 | 7 |
| 10 | Tornado Måløy | 7 | 7 |
| 11 | Sotra | 6 | 6 |
| 12 | Saga | 7 | 6 |
| 13 | Bergen Nord | 6 | 4 |
| 14 | Eid | 7 | 4 |
Neste Serierunde
| 23-05-2012 19:00 | ||
| Bergen Nord | - | Radøy/Manger |
| Fyllingsdalen 2 | - | Sotra |
| 25-05-2012 19:30 | ||
| Bergen Nord | - | Saga |
| 26-05-2012 15:00 | ||
| Radøy/Manger | - | Årdal FK |
| Vik IL | - | Florø |
| Førde | - | Voss |
| 26-05-2012 16:00 | ||
| Sotra | - | Tornado Måløy |
Toppscorar 2012
Servitøren 2012
Råtassen 2012
Teljar






![]() | I dag | 108 |
![]() | I går | 165 |
![]() | Denne veka | 831 |
![]() | Denne månaden | 2430 |
![]() | Totalt | 15998 |
Høgaste 05-05-2012 : 210
Innlogga brukarar 2
Gjester 12
Registrerte brukarar 27
Now Online
redaktør
Myrkaskog






