DALE - VIK 4-1

Det vart ein smerteleg kamp sett med Vik auge, då Dale vann komfortable 4-1 heime på Dingemoen.

Vik stiller med dette laget i dagens kamp.

Piotr Cupryn - Egil Rune Andersen - Henrik Holmberg - Marius Valsvik - Jarle Christensen - Robert Hovland - Evrard Irakoze - Idar Holen - Anders Helleland - Svein Erik Saglien - Thomas Hjortland.

På benken sit: Ørjan Tveit, Knut Bjørnestad, Jøran Berdal og Alexander Valsvik.


Vik reiste til Dale med eit nokså svekka lag, og i slike kampar ser ein behovet for å ha ein Øystein Myrkaskog på laget.

Jamn Opning

Men Vik var ikkje svekka spelemessig, i allefall ikkje innleiingsvis. Det var ein jamn kamp i opninga, men Dale sto for dei største sjansane.  Etter 20 minutt kjem den absolutt største sjansen då Svein Erik Saglien får heada på eit frispark frå Jarle Christensen.  Dale keeper Strand Løseth får til ei kjempereddning ,og avvergar ei skoring. Stor sjanse for bortelaget.

Og når ikkje Vik har dagen framfor mål, er det motstandarane som får sjansen, og 10 minutt seinare tek Dale leiinga.  Etter eit flott angrep, der ein Dale spelar slår inn frå kant, som finn Furset. Sistnevnte leverar ballen til Aase som set ballen kontant i lengste hjørne for keeper.

Vik pressa for utlikning

Etter skoringa trykkjer Vik på for å få til ei utlikning. Thomas Hjortland mottek eit langt oppspel der han dreg av ein Dale spelar og klinar til. Desverre for Thomas og Vik går ballen i tverrliggaren og ut. Vik har ikkje marginane med seg .......!

Dale vil seinare ha straffe, men får det ikkje. I staden kjem utlikninga. Roberto Hovland skyt eit frispark like utanfor 16,meteren og går rett i mål. Kan vel tyde på at dette var fortjent no....

Stillinga til pause: 1-1

Andre omgangen sett med Vik auge er katastrofal , og det einaste Firda-referenten henviser til som er positivt fordel Vik er straffereddninga til Piotr i sluttminuttane.

Kenneth Vik show

Ellers handla omgang nr 2 ikkje om Dale, men om Kenneth Vik. Innbyttaren vart involvert i første spark på ballen, og var nest sist då Dale gjekk opp til 2-1.

Samme mann auka til 3-1, før han attpå til starta eit kanonangrep som førte til 4-1. I sluttminuttane skaffar han attpåtil eit straffespark. Piotr Cupryn redda litt av fadesen på Dingemoen, men alikevel måtte Vik reisa heim med 0 poeng, 1 mål, 4 baklengs, ein liten advarsel om at sjansane for 3.divisjon neste år heng i ein tynn tråd.

No må det mobiliserast godt før neste kamp mot Tornado Måløy. Med tap vil sjansane for 3.divisjonsspel neste bli minimale.




(Foto: Wantana Tierny, Sogn Avis)
Stig Roar Hovland har ein jobb å gjere...

 

 

{linkr:none}

    Vik sine siste 5

    19-05-2012 16:00
    Vik IL 6 : 1 Bergen Nord
    16-05-2012 18:30
    Årdal FK 5 : 1 Vik IL
    12-05-2012 15:00
    Radøy/Manger 3 : 3 Vik IL
    05-05-2012 14:00
    Vik IL 7 : 5 Saga
    28-04-2012 16:00
    Vik IL 3 : 1 Førde

    Tabell

    Team
    Played Points
    1 Førde 7 18
    2 Voss 7 15
    3 Årdal FK 7 15
    4 Vik IL 7 13
    5 Stryn 7 12
    6 Fyllingsdalen 2 6 10
    7 Florø 7 10
    8 Radøy/Manger 6 10
    9 Øystese 7 7
    10 Tornado Måløy 7 7
    11 Sotra 6 6
    12 Saga 7 6
    13 Bergen Nord 6 4
    14 Eid 7 4

    Neste Serierunde

    23-05-2012 19:00
     
    Bergen Nord - Radøy/Manger
     
    Fyllingsdalen 2 - Sotra
    25-05-2012 19:30
     
    Bergen Nord - Saga
    26-05-2012 15:00
     
    Radøy/Manger - Årdal FK
     
    Vik IL - Florø
     
    Førde - Voss
    26-05-2012 16:00
     
    Sotra - Tornado Måløy

    Teljar

    015996
    I dagI dag106
    I gårI går165
    Denne vekaDenne veka829
    Denne månadenDenne månaden2428
    TotaltTotalt15996
    Høgaste 05-05-2012 : 210
    Innlogga brukarar 2
    Gjester 7
    Registrerte brukarar 27
    Now Online
    redaktør
    Myrkaskog