Sandane - Vik 3-3 (2-3)


alt

Vik var store favorittar i dagens kamp. Men det vart ikkje heilt den kampen ein hadde spådd på førehand.



Sandane tok umiddelbart eit solid grep om kampen, og Vik var paralyserte dei første 20 minuttane.  Vik ga motstandaren mykje gratis, og Sandane fekk gjere omtrent det dei ville. Vik verka uinsperert, og det var tamt over heile linja. 

Det var då heller ikkje ufortjent at Sandane tok ledelsen. Men her må eg desverre uttrykje mi store fortvilelse over dommaravgjerda. Duellen i forkant er ein stygg forseelse, der ein Sandane spelar går opp i hovudduell og med markert alboge, får Fredrik Skogsrud ein liten smekk i nakken. Her skulle det vore frispark og ein ganske så klar gul farge på kortet.

Dommaren set spelet i gang at, til full uforståandeheit frå både spelarar og forståsegpåerane.  På den påfølgande corneren heimelaget får, blir ballen klarert ut på 16 meteren , der ein Sandane spelar skyt, treff tverliggaren, og på returen set ein Sandane spelar enkelt i mål. Spørsmålet her er ; Viss ein Sandanespelar skyt ballen i tverliggaren og ein Sandane spelar står 5 meter bak vår bakerste mann, er det ikkje då offside ? Eg skal ikkje bruka tid på å syte og legge skyld på dommaren i dag, men nokre merkelige situasjoner vart det desverre i dag. 

Kampen utvikla seg ikkje betre når Sandane går opp til 2-0. Fremdeles er Vik på hæla, og vertane får slått eit innlegg på bakerste stolpe, der ein heilt umarkert spelar får stå åleine og pirke inn 2-0. Fremdeles fortjent. 

Så voknar serieleiaren til, og skjønnar alvoret. Lite internt bytte på midten gjorde at midtbana blei meir kompakte, og me vann dei fleste duellane. Reduseringa er fantastisk bra, då me byggar opp eit bra angrep, der Fredrik Skogsrud serverer ein genial stikkar til Øystein Myrkaskog som ikkje gjer feil. 2-1, og det blei for alvor kamp i Sandane.

2-2 kjem på corner. Kristoffer legg som vanlig eit presist innlegg og servar Øystein på pannebrasken. Dette var ei viktig skoring, og Vik viste igjen kvifor motstandarane frykta dødballane våre.

Rett før pause tek Vik leiinga. Igjen er det ny corner frå Kristoffer, og kven andre enn Steinar Wold tek ansvar og møter på første, og skorar ei nesten heilt identisk skoring som mot Kaupanger. Dreg seg fri frå mannen sin, og styrar ballen i mål. Då var Vik i førarsetet, og publikum begynnte då å skjønna kvar poenga skulle.

I 2.omgang spelar Vik fantastisk god angrepsfotball. Dei spelar trygt bakover, og held Sandane i sjakk. Men for lite effektivitet framfor mål, ga oss ikkje den trygge 2 målledelsen som me håpa på. Robert Hovland får to gigantsjansar, der han i eine øyeblikket får mulegheiten sin redda på strek, og i den andre der keeper redda meisterleg 1 mot 1.

Då skjer det som oftast skjer i fotball, når ein ikkje maktar å skore mål. Ein får ein i fleisen. Og det var av den bittre sorten. Ei klarering havnar til slutt hjå ein Sandanespelar som skyt knallhardt, uttagbart for Stig Roar Hovland i Vik målet.

Vik fekk med seg eit poeng, og alt i alt er det bittert med tanke på all sjansesløseri ein hadde framfor mål. Sandane hadde bra kontroll og styrte kampen dei første 20 minuttane. Dei siste 10 minuttane skapar Sandane nokre farlegheiter, men makta ikkje å treffe innafor stengene. Likevel fekk dei 1 stor sjanse heilt på slutten som dei skora på.

Forsvaret gjorde ein bra kamp, bortsett frå dei første 20 minuttane, men det gjaldt også heile laget. Marius styrte laget med jernhånd, og René hadde ein god kamp som midtstoppar. Idar spelar på det trygge, og er offensiv i tankegangen. Tord sleit litt med Sandane sin nr 8, men lot seg ikkje knekke, og spelte seg fantastisk opp i 2.omgang.

Stig Roar kan ikkje lastast for måla, og hadde nokre gode reddningar som holdt Vik inne i kampen på stillinga 2-0 til Sandane.

Midtbana sleit voldsomt til liks med heile laget dei første 20 minuttane, men fekk etterkvart gjort eit grep, som snudde kampen. Fredrik er ivrig, skaffar corner som Vik skora på, og han trer passningen gjennom der Øystein skora. Steinar vinn alle duellar, og viser også at han kan bekle midtbaneposisjonen godt. Debutanten Kenneth Skjerven imponerar meg så voldsomt at ord blir fattige. Ein 15 åring som herjar på venstrekanten, og tørr å holde på ballen, og forserar med god teknikk gjennom heile kampen. Robert har ein ok dag på jobben. Kanskje den beste spelaren feilvendt, men burde i dag skora minst 1 mål å sikra Vik seier. Kristoffer har 2 assist, og når han bytta til den deffensive midtbanerolla er han fantastisk god.

Har sett bedre kampar frå Øystein sjølv om han skorar 2 mål. Han hadde nokre dribbleraid som mangen spissar rundt om i fylket kan drømma om. Likevel blir det i overkant for mykje. Han truar Sandaneforsvaret konstant i 2.omgang, men burde også ha skora fleire i omgang 2. 


Laget: Stig Roar - Idar - Marius - René - Tord - Kenneth - Fredrik - Kristoffer - Steinar - Robert - Øystein

Benken: Ørjan, Kristian, Terje, Jarle.

 


Troppen:
Stig Roar Hovland, Idar Holen, Ørjan Tveit, Kristian Bergstø, Marius Valsvik, Terje Målsnes, René Anthony Haugen, Tord Hove, Roberto Hovlando, Kristoffer Valsvik, Øystein Myrkaskog, Steinar Wold, Fredrico Skogsrud, Kenneth Skjerven. 



altvik-fotball.com ynskjer begge lag lykke til.

    Vik sine siste 5

    19-05-2012 16:00
    Vik IL 6 : 1 Bergen Nord
    16-05-2012 18:30
    Årdal FK 5 : 1 Vik IL
    12-05-2012 15:00
    Radøy/Manger 3 : 3 Vik IL
    05-05-2012 14:00
    Vik IL 7 : 5 Saga
    28-04-2012 16:00
    Vik IL 3 : 1 Førde

    Tabell

    Team
    Played Points
    1 Førde 7 18
    2 Voss 7 15
    3 Årdal FK 7 15
    4 Vik IL 7 13
    5 Stryn 7 12
    6 Fyllingsdalen 2 6 10
    7 Florø 7 10
    8 Radøy/Manger 6 10
    9 Øystese 7 7
    10 Tornado Måløy 7 7
    11 Sotra 6 6
    12 Saga 7 6
    13 Bergen Nord 6 4
    14 Eid 7 4

    Neste Serierunde

    23-05-2012 19:00
     
    Bergen Nord - Radøy/Manger
     
    Fyllingsdalen 2 - Sotra
    25-05-2012 19:30
     
    Bergen Nord - Saga
    26-05-2012 15:00
     
    Radøy/Manger - Årdal FK
     
    Vik IL - Florø
     
    Førde - Voss
    26-05-2012 16:00
     
    Sotra - Tornado Måløy

    Teljar

    015991
    I dagI dag101
    I gårI går165
    Denne vekaDenne veka824
    Denne månadenDenne månaden2423
    TotaltTotalt15991
    Høgaste 05-05-2012 : 210
    Innlogga brukarar 2
    Gjester 13
    Registrerte brukarar 27
    Now Online
    redaktør
    Myrkaskog