Mars Oppdatering
- Detaljar
- Kategori: Nyhende
- Publisert den søndag, 20. mars 2011 11:47
- Skrevet av Redaktør
- Treff: 192
Så skriv me 20.mars og det er på tide med Mars oppdateringa. Det sit fleire nyskjerrige supportarar som vil ha gleden av å bli oppdatert på kva Vik har gjort i mars månad.
A-laget har gjennomført nesten 3 månader med hardtrening, og det merkast på føtter, kropp og hovud. Men sålangt har me greit å oppretthalde fokus, og intensitet på treningane, og hatt mykje positive opplevelsar.
Me har hatt treningar inne i hallen sidan januar, men også intervall/jogging ute på fredagane. Når eg leser at Hafslo sitt grunnlag for å satse ambisiøst på fotballen og nermast legg ned eit ultimatum for styret om å få trena inne i Sognehallen i staden for idrettshall, blir eg regelrett frustrert.
Å trene innandørs er nesten meir positivt enn å trene på stor bane i januar/februar og delvis mars. Eg ser i allefall at innandørs trening har ført til individuell utvikling både når det gjelder bevegelse, kondisjon, tempo og press. Me er kanskje det laget i heile Sogn & Fjordane frå 4 divisjon og opp som nyttar idrettshall i 3 månader av ei oppkøyring. Alikevel vinn me treningskampar mot lag som i utgangspunktet ville vore harde motstandarar å slå i serien.
Ein anna faktor som har gjort oss mykje betre, er at me har ei gruppe spelarar som er engasjerte. Det er utruleg morro å reise på bortekamp, der humor og latter set sitt preg på miljøet. Stallen inneheld ein flott gjeng som kjem overens med kvarandre.
Det har ikkje vore anntydning til misnøye, (eller jo, kanskje når Jarle har team-talk før kamp :) hehe ) , det er kjempemorro å vere aktør i denne spelegruppa, og fortset me slik, er eg rimelig sikker på at sesongen kan få fantastiske minner.
Jarle sitt fokusområde har vore stabillitet, mykje spel, og fokus på ferdigheiter. Han er engasjert til 1000, og har eit vinnarinnstinkt det luktar svidd av. Mykje av taktikken er spikkra lenge før kampdato, og det er ikkje anntydning til svakheiter. Han har satt opp ein plan, og i treningskampane har gutta levert kamp-planen til punkt og prikke.
Me har spelt eit par treningskampar, men desverre har me også måtte ha avlyst nokre pga vinteren. Kampane mot Lærdal og Balestrand har vorte avlyst, men me har fått gode motstandara som Dale, Høyang og Årdal på terminlista.
Høyang - Vik 3-4
Dale - Vik 1-3
Vik - Årdal 5-1
Årdal - Vik 2-1
Treningskampen mot Årdal der me tapte 2-1 var kanskje ikkje resultatmessig bra nok, men eg tykkjer fleire bankar på døra for startellvaren. Og det når spelarar som Marius Valsvik, Robert Hovland, og Øystein Myrkaskog ikkje var med. Det vitnar om enorm kamp om plassane på laget. Det er viktig !! Vik har ikkje hatt denne luksusen før, og det er godt å vite at ingen kan føle seg trygge på fast plass :-) Bortsett fra høgrebacken då sjølvsagt ;-)
Ein anna god nyheit som blei varmt motteke i Vik, er at me skal ut mot Voss i NM. Dette er kampar som gir erfaring, og dette er ein kamp som gir oss god motstand før serien startar. Ingen forventar cupfinale på Ullevål, men seier mot Voss er aldri umulig.
Så mykje har skjedd sidan februar oppdateringen. Det blir i allefall spennande å gå inn i slutten av mars månad og vite at seriestart ikkje er langt unna.
Så oppmodar me folk til å støtte Vik A-lag gjennom heile sesongen. Ambisjonane våre er å ligge heilt i toppen, og vinne alle kampane. Til det treng me også di støtte. Dette blir morro folkens...
Jarle Christensen lovar show i årets sesong !!
Logg inn
Tabell
| № |
Team
|
Played | Points |
|---|---|---|---|
| 1 | Førde | 7 | 18 |
| 2 | Årdal FK | 7 | 15 |
| 3 | Vik IL | 7 | 13 |
| 4 | Stryn | 6 | 12 |
| 5 | Voss | 6 | 12 |
| 6 | Florø | 7 | 10 |
| 7 | Radøy/Manger | 6 | 10 |
| 8 | Fyllingsdalen 2 | 5 | 7 |
| 9 | Øystese | 7 | 7 |
| 10 | Tornado Måløy | 6 | 7 |
| 11 | Sotra | 6 | 6 |
| 12 | Saga | 7 | 6 |
| 13 | Bergen Nord | 6 | 4 |
| 14 | Eid | 7 | 4 |
Neste Serierunde
| 19-05-2012 16:00 | ||
| Stryn | - | Voss |
| 20-05-2012 16:00 | ||
| Tornado Måløy | - | Fyllingsdalen 2 |
| 23-05-2012 19:00 | ||
| Bergen Nord | - | Radøy/Manger |
| Fyllingsdalen 2 | - | Sotra |
| 25-05-2012 19:30 | ||
| Bergen Nord | - | Saga |
| 26-05-2012 15:00 | ||
| Radøy/Manger | - | Årdal FK |
| Vik IL | - | Florø |
Toppscorar 2012
Servitøren 2012
Råtassen 2012
Teljar






![]() | I dag | 97 |
![]() | I går | 165 |
![]() | Denne veka | 820 |
![]() | Denne månaden | 2419 |
![]() | Totalt | 15987 |






