Treningskamp mot Årdal

http://www.vik-fotball.com/index.php/component/joomsport/view_match/115?Itemid=

Årdal- Vik 4-1 (1-1). Laget: Stig Roar HovlandIdar Holen, Svein Erik Saglien, Dag Einar BøtunØrjan Grov TveitAleksand Er Valsvik (Terje Målsnes frå 58), Kristoffer ValsvikTarjei VevleJackson B. BalotelliAsgeir Fosse Refsdal (Sivert Aase frå 55) Kenneth Skjerven.

1-0 15 min
1-1 29 min Saglien (Kristoffer)
2-1 49 min
3-1 71 min
4-1 85 min

Eg er godt nøgd med kampen. Mange som viser seg fram og legg ned ein kjempeinnsats. God og nyttig kamp på mange måtar. Me er i rute folkens! Viktig at me er mykje folk på treningane i tida som kjem!

Tek og med eit sitat frå Årdal sine heimesider:

Vil gi honnør til Vik for innstillingen dei har til kamp, voldsom løpsvilje i laget og er alltid lojale mot kvarandre. Viktige moment til årets sesong i 3 divisjon. 

Me gir honnør i retur og ser fram til nye nappetak med Årdal FK.  

Høyang- Vik 2-4 (1-2)

Vik spelte med dette laget: Bjarte Bjørnestad, Idar Holen, Lars-Kjetil Feidje Nordeide, Sindre Fosse (Jackson frå 60), Sivert Aase (Viljar Andersen frå 45), Kenneth Skjerven, Tarjei Vevle (c), Kristoffer Valsvik, Endre Holstad (Håkon Skjerven frå 65), Asgeir Fosse Refsdal, Øystein Myrkaskog.

1-0 Høyang

1-1 Øystein

1-2 Øystein

1-3 Lars Kjetil

2-3 Høyang

2-4 Øystein

 

Hovudpunkt frå kampen:

- 6 spelarar spelte sin første kamp for Vik A-lag

- Nyttig økt på stor bana. Første gong me er ute sidan i haust. Det merkast godt på touchen, posisjoneringa og timingen.

- Øystein skårar 3 mål på ein middels dag. Det lovar godt!

- Lars Kjetil Feidje Nordeide skårar eit mål og gjer elles eit svært positivt inntrykk, med stor ro og ein god pasningsfot.

- Mange spelarar får prøvd seg og gjer sine saker bra.

- Bjarte gjer ein god figur i mål. Svært viktig for Vik at me har ein slik solid keeper i tillegg til Stig Roar.

- Viktig å ha ein slik kamp i føtna for mange av spelarane før kampen mot Fjøra i Sognahallen neste helg.

 

Det er kjekt å vera i gang at på stor bana! Me takkar Høyang for kampen og ynskjer dei lykke til i sesongen!

Sølv i KM

KM- finalen 2012 vart ein reprise frå finalen i 2011. Som i 20011 var det Florø som drog det lengste strået denne gongen og.

 

Vik og Florø møtte kvarandre i gruppespelet og. Denne kampen vann Vik med 3-1. Vik vann gruppa si etter å ha vunne allei fem kampane.

I kvartfinalen slo me Kaupanger2 med solide 4-0. Semifinalen mot Saga var ein fantastisk kamp av vikjene. 6-0 og feiande flott spel, der Saga vart regelrett rundspelt.

Finalen stod mellom dei klart beste laga i turneringa, Vik og Florø. Der Vik var effektive og hadde marginane med seg i kampen mot Florø tidlegare på dagen, var det no Florø som var effektive og hadde marginane med seg. Det vart eit surt 3-1 tap. Me må berre innrømma at Florø var kvassare enn oss når det gjaldt som mest. Finalekampar er alltid spesielle, der det gjeld å få ut det siste av krefter, vera konsentrerte i avgjerande situasjonar og ha litt flaks.

 

Samla sett var KM ein stor opptur for Vik. Det var 24 lag med. Det var mange sterke lag på papiret, til dømes eit Førde-lag med mange kjente namn.

 

Desse spelarane spelte for Vik i turneringa: Stig Roar Hovland, Kristoffer Valsvik, Idar Holen, Marius Valsvik, Tarjei Vevle, Asgeir Fosse Refsdal, Joar Tryti og Rene Haugen.

KM i Førde, 28.januar

Vik deltar også i år på KM i fotball. A-laget har stilt 1 lag dei siste to åra, og har meir eller mindre vore storfavorittar kvart år. i 2010 tapte Vik finalen mot Førde 1, og i fjor tapte Vik mot Florø i sudden death.  For første gong stiller Øystein Myrkaskog i KM, og det kan bli litt av ei oppleving for publikum.

Robert Hovland og Marius Valsvik stiller ikkje i årets KM, noko som kan verta eit stort tap for Vikjene. Men me veit trenar Jarle Christensen innehar gode taktiske evner, og igjen reknar me med at Vik leverer varene.

Kampoppsett og tropp kjem neste veke.

Publisering av artiklar

Registrerte brukarar kan no publisere artiklar ved å gå på menypunkt Tjenester->Poste Artikkel.

Dersom de vil at artikkelen skal vere synleg på framsida må valget "Framsida" vere satt til Ja. (ganske logisk, igrunn).

 NB! Fint om man brukar Start Publisering og Stopp Publisering dersom det er viktige beskjedar som kun er viktige i eit kort tidsrom. (til dømes treningstider, oppmøtetider for kamp, etc.)

Treningskampar 2012

18-02-2012 00:00
Årdal FK 4 : 1 Vik IL
03-02-2012 18:30
IL Høyang 2 : 4 Vik IL

KM Innandørs 2012

28-01-2012 18:15
Florø 3 : 1 Vik IL
28-01-2012 18:00
Vik IL 6 : 0 Saga 1
28-01-2012 17:30
Vik IL 4 : 0 Kaupanger 2
28-01-2012 15:45
Vik IL 6 : 0 Eikefjord 2
28-01-2012 14:15
AHIL 2 3 : 5 Vik IL
28-01-2012 13:30
Vik IL 2 : 0 Jølster 3
28-01-2012 12:00
Saga 2 1 : 3 Vik IL
28-01-2012 10:30
Vik IL 3 : 1 Florø

Teljar

008563
I dagI dag57
I gårI går50
Denne vekaDenne veka166
Denne månadenDenne månaden1242
TotaltTotalt8563
Høgaste 02-04-2012 : 76
Innlogga brukarar 1
Gjester 3
Registrerte brukarar 25
Now Online
Myrkaskog