Vik tapte 3-2 for Stryn, i ein tett og spennande fotballkamp. Kampen åpna jamnt, og Vik hadde eit lite overtak. På førehand visste nok Stryn at nøkkelen måtte bli å stoppe Myrkaskog, men nevnte Myrkaskog fekk den første store sjansen. Øystein Myrkaskog kom fri frå høgre, skyt og keeper må gje retur. Aleksander Valsvik dukka opp på returen med satte ballen like utanfor. Stor sjanse for heimelaget.
Robert Hovland måtte bytte tidleg i førsteomgang på grunn av ein skade, og inn kom Asgeir Refsdal.
Vik hadde eit lite overtak i 1.omgang, og burde leia etter den store sjansen til Valsvik. Desverre for Vik kjem dagens første skoring i motsatt mål. Innlegget frå kant havna hjå Karl Erik Aarsheim som gjer inga feil frå 7 meter, og skorar sikkert til 1-0 for gjestene.
Vevle utlliknar;
Men det skulle berre gå 4 minutt før Vik svara. Corner blir slått inn av Kristoffer Valsvik. Tarjei Vevle avsluttar og utliknar. 1-1 til stor jubel for dei frammøtte. Det vart også pauseresultatet.
Sjokkåpning;
2.omgang startar begredeleg. Fredrik Skogsrud lagar eit tåpeleg frispark på 20 min og får full fortjent gult kort. Og desse betalar du dyrt for. I allefall når frisparkspesialist Jon Terje Tjellaug står klar. Han set ballen utsøkt i hjørnet for Bjarte Bjørnestad, frå 20 meter. Herleg skoring av legenda.
Vondt verre blei det igjen når Stryn går opp til 3-1 ved Petter Hammer. Skoringa er i seg sjølv vakkert, og nevnte Hammer kliner til med brassespark og skorar eit fantastisk mål. Målet kom frå ein corner.
Då såg det stygt ut for heimelaget, som no måtte ha to mål for eit realistisk uavgjortresultat.
Men det kunne sett så utruleg bra ut. For berre 3 minutt etter skoringa til Stryn ladar Kristoffer Valsvik kanona. Frå 25 meter får han drøymetreff, men treff tverrliggjar. Nære på ei redusering.
Så kjem sjansane som gjer ting urettferdig for heimelaget. Kristoffer Valsvik og Øystein Myrkaskog skapar kvar sitt måltilbod, men både Valsvik som skyt like utanfor frå 20 meter, og headinga til Myrkaskog endar i ingenting.
Snytt for mål ?
I det 70 minutt jublar alle på Vik stadion. Øystein Myrkaskog headar ballen i mål, men dommaren bles, muligens for aktiv armbruk. Etter litt diskusjonar på Vik stadion, skulle det aldri ha blitt blese frispark, og Vik blir snytt for skoring.
Vik gjer eit bytte. Aleksander Valsvik går ut, og Svein Erik Saglien kjem inn. Vik måtte trykka på for å få ei redusering.
Og reduseringa kjem. Eit flott innlegg treff hovudet til Myrkaskog som headar ballen ned til Kenneth Skjerven som kaldt og roleg set inn reduseringa. Ny spenning i kampen, og Vik lukta utlikning.
Utlikninga kjem aldri, og Stryn tek med seg 3 poeng. Vik på si side bør føle seg snytt både for skoring og spelte sjansar. Mot Stryn må ein uansett setje sjansane. Men det skal også seiast at Stryn var heldige med nokre av skoringane.
Neste kamp er mot Øystese, 21.04, kl: 16.00